Du er her: Framsida ›› Ver merksam på giftig sopp

Ver merksam på giftig sopp

På grunn av den tørre sommaren er det spesielt mykje sopp i år. Nokre av desse soppene er giftige, og det er viktig å ikkje ete eller smake på sopp som ikkje er kontrollert.

To barn frå Stanghelle barnehage vart mandag ettermiddag sendt til sjukehus på grunn av mistanke om at dei hadde ete giftig sopp. Alt er bra med barna, og dei er tilbake i barnehagen. Personalet i barnehagen aksjonerte omgåande, og handterte situasjonen på ein veldig god måte.
All sopp er fjerna, og personalet har snakka med barna i alle barnehagane. 

Soppen heiter flatklokkehatt, og er ein liten sopp som veks over heile landet. (Sjå bileta). Den veks på all slags dødt trevirke som rotne stubbar og stammer. Flatklokkehatt er også vanleg på flis- og barkebed. Den veks enkeltvis eller fleire saman.

Les meir om giftig sopp på helsenorge.

Lær meir om sopp hos Norges sopp- og nyttevekstforbund

sopp1 (002)_500x377.jpg

sopp2_500x696.jpg

 

 

 

Skriv ut Skriv ut