Du er her: Framsida ›› Velkomen til meirope bibliotek på Vaksdal
meirope bibliotek

Velkomen til meirope bibliotek på Vaksdal

Måndag 22. januar kl 18.00 opnar fungerande ordførar Sigmund Simmenes meiropent bibliotek i Vaksdal senter.

Dette er en ypparleg moglegheit til å låne seg ein god bok, samtidig som det vil bli servert kaffi, frukt og tebrød.

Kom innom!

Kva er meiropent bibliotek?

Meiropent bibliotek er eit bibliotek som er opent utover ordinær opningstid. Ved hjelp av personleg lånekort kan ein låse seg inn i biblioteket og låne og levere bøker utanom bemanna opningstid. Biblioteket vil være (meir)opent i alle senterets opningstider.

 

Kva inneber dette?

Dette inneber utvida opningstid av bibliotek. Frå å berre ha opent ein dag i veka, vil biblioteket på Vaksdal vere (meir)opent alle tider som senteret er opent.   

 

Har du ikkje lånekort/lånekortet er ikkje registert for meiropent bibliotek?

Dersom du ikkje har lånekort/åtgang vil det være anledning til å få dette under opninga av meiropent bibliotek på Vaksdal. Elles kan dette ordnas i biblioteket på Dale og på Vaksdal i biblioteka sine bemanna opningstider. Aldersgrense for meiropent bibliotek er 18 år.

Skriv ut Skriv ut