Du er her: Framsida ›› Utkast til forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim er ute til høyring - frist 20. oktober

Utkast til forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim er ute til høyring - frist 20. oktober

Utval for levekår i Vaksdal kommune vedtok 4.september 2017 å leggja utkast til lokal forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim ut til offentleg høyring.

Den lokale forskrifta er heimla i endringar i pasient- og brukarrettslova og helse- og omsorgstenestelova som gjeld rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester. Endringane vart vedtekne av Stortinget 13. juni 2016.

Uttalane vert tekne med i den vidare politiske behandlinga av forskrifta.

Uttale til forskrifta kan sendast til post@vaksdal.kommune.no,  eller til Vaksdal kommune, Konsul Jebsens gate 16, 5722 Dalekvam, merka forskrift.

Frist for uttale er 20. oktober 2017.

Spørsmål kan rettast til kommunalsjef Solrun Hauglum på mail solrun.hauglum@vaksdal.kommune.no eller telefon 56 59 44 30/ 488 80 358

Klikk her for å lesa utkastet til forskrift.

Skriv ut Skriv ut