Du er her: Framsida ›› Tidlegrøysting

Tidlegrøysting

Frå og med måndag 3. juli til og med onsdag 9. august er det høve til tidlegrøysting. 

Denne ordninga er meint for veljarar som ikkje har høve til å røysta i ordinær periode for førehandsrøysting (frå 10. august), og som heller ikkje kan røysta på valdagen 11. september.

Dei som vil røysta, må ta kontakt med Innbyggjaservice. Opningstida er kl 0800-1500 mandag-torsdag og kl 0800-1400 fredag.

Hugs å ta med legitimasjon m/bilde når du skal røysta.
 

Sjå meir informasjon om Stortingsvalet her

Skriv ut Skriv ut