Du er her: Framsida ›› Status juni 2017 - Lev Vel i Vaksdal
Logo for lev vel prosjektet

Status juni 2017 - Lev Vel i Vaksdal

Nokre aktivitetar er ferdigstilt, somme er godt i gong og nokre er i startgropa. Vi har god framdrift og følgjer prosjektplanen.

Viktige aktivitetar denne våren:

  • Utprøving av kvardagsteknologi knytt til universell utforming saman med Karde AS. Me har hatt mange engasjerte deltakarar som har prøvd ut ulike typar kvardagsteknologi.
    Bilete av robotvindusvask
  • Klikk her så finn du rettleiaren som er utarbeida.
    Klikk her for å lese meir om prosjektet på Karde sine nettsider.
  • Gjennomføring av ei innbyggjarundersøking for alle mellom 67 – 75 år i kommunen. Me har spurt om kva forventningar morgondagens eldre har til helse- og omsorgstenester, bustad og teknologi. Undersøkinga er eit samarbeid mellom Vaksdal kommune og Universitetet i Agder og vil bli nytta i ein prosjektoppgåve. Resultata frå undersøkinga vert klar kommande haust.
     0ZfMIAAAAASUVORK 5CYIIAK 4FSJKEoiinanPIwIEO 5mGerfQBCFqMWjsLRIvkpVEsPtXrsOE 6DYVQHIRG 0VzuofFOlkee 6yisHtWWn 6jVU 4DIbYZW 7afta 4ziPK 8OoDo 7jDAOuDo 7j 5HF 1cBwnj 6uD 4zh 5XB 0cx 8nj 6uA 4Th 5XB 8dx 8rg 6OI 6Tx 9XBcZw 8rg 6O 4 RxdXAcJ 4 rg M 4eVwdHMfJ 4 rgOE 4eVwfHcfK 4OjiOk 8fVwXGcPH 8DlkUkpkS iewAAAAASUVORK 5CYIIA
  • Oppstart av eit forskingsprosjekt rundt brukarmedverknad frå personar med demens og deira pårørande. Prosjektet gjer me i lag med Senter for Omsorgsforskning Vest/ Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. Her har me oppretta ei referansegruppe der mellom anna pårørande og Nasjonalforeningen for Folkehelse deltek.
    Vaksdal kommune og Senter for alders- og sykehjemsforskning , Universitetet i Bergen hadde hadde innlegg om prosjektet på "Kunnskapskommunekonferansen 2017.  Klikk her og les heile saka på Universitetet si nettside.
  • Første steg av Brukarlaben på Helsehuset på Dale vart opna i byrjinga av juni. Her kan du lese meir om opninga.
  • Kommunen er komme med i «Nasjonalt velferdsteknologiprogram» saman med kommunane i Nordhordland.
  • Prosjektleiar og einingsleiar/prosjektkoordinator har saman med forskarar holde foredrag og informert om utviklingsarbeidet og aktivitetane i ulike fora.
  • Me har og gjennomført fleire kompetansehevande tiltak blant ansatte: enkeltkurs, vidareutdanning og læringsnettverk.  
  • Vaksdal er med i nasjonalt nettverk for ernæring som einaste kommune i Hordaland. Her kan du lese om fagdagen dei arrangerte 1. juni i lag med Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester.

Her finn du meir om prosjektet, organisering og kontaktinformasjon.

 

Skriv ut Skriv ut