Du er her: ›› Søknad om redusert pris og gratis opphaldstid i barnehage 2018 - søknadsfrist 1. mai
Bilete av born i Vaksdal barnehage

Søknad om redusert pris og gratis opphaldstid i barnehage 2018 - søknadsfrist 1. mai

Søknadsfrist 1. mai.

Ein heiltids barnehageplass koster kr 2.910,-  per månad. Matpenger og liknande kjem i tillegg.
Dersom husstanden si samla brutto årsinntekt er under kr 533.500,- kan du søkje om redusert pris i barnehage.

Dersom husstanden si samla inntekt er under kr 450.000,- og du har barn som fyller tre, fire eller fem år, eller har utsett skulestart, kan du søkje om gratis opphaldstid (20 timer per veke) i barnehage.

Søknadsfrist for redusert pris er 1. mai. Det må søkast for kvart år.

Søknadsskjema for redusert  pris og gratis kjernetid finn du her.

Vedlegg som må sendast med søknaden:

Det er viktig at dokumentasjon blir send saman med søknadsskjemaet ditt. Søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon vil ikkje bli behandla.
Dokumentasjonskrav er siste år si sjølvmelding. Inntekstgrunnlaget skal spegle dei faktiske skattepliktige inntektene. Dersom søkjar har skattepliktig person - og kapitalinntekt som ikkje står på sjølvmeldinga, er ein pliktig til å opplyse om dette.

Dersom søkjar ikkje kan leggje fram sjølvmelding må annan dokumentasjon leverast. Dette kan for eksempel vere lønnsslipp frå arbeidsgivar eller inntekt frå NAV.

Skriv ut Skriv ut