Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Skatteattest

Tenesteomtale

Du treng skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Skatteattest får du ved å vende deg til skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt til skattekontoret regionalt) eller tinge han frå Altinn (sjå lenkja nedanfor). Før opp fødselsnummer og organisasjonsnummer (der dette finst). Attesten blir sendt til deg innan to arbeidsdagar etter at tinginga er teken imot.

Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å stå fram som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Attest for skatt og merverdiavgift

Samarbeidspartnarar

Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Skattekontoret er ei samling av det tidlegare likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret i éin organisasjon regionalt.

Skatteoppkrevjaren i kommunen og skattekontoret regionalt vil kunne gje fleire opplysningar om ordninga med skatteattestar.

Lover

Sjå § 8-7 i forskrifta.

Anskaffelsesforskriften

Tjenesten oppdatert: 23.05.2017 13:32