Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Separasjon og skilsmisse

Tenesteomtale

Ektefellar eller registrerte partnarar som ikkje lenger vil leve saman, kan søkje om separasjon og skilsmisse. Korkje separasjon eller skilsmisse krev at partane er samde om det. Det er tilstrekkeleg at den eine ikkje lenger ønskjer at samlivet skal fortsetje.

Målgruppe

Par som lever i ekteskap eller registrert partnarskap

Kriterium/vilkår

For å bli separert er det einaste vilkåret at den eine eller begge partane ikkje lenger ønskjer å leve saman. Skilsmisse kan gjevast på to forskjellige grunnlag:

  • Når paret har vore formelt separert i minst eitt år. Partane må sjølve søkje om skilsmisse.
  • Når paret har levd fråskilt i to år utan formelt sett å ha vore separert ved bevilling eller dom. Dette avheng av at partane er einige og at begge underteknar søknaden eller seier at dei er einige i vilkåret. 

Ektefellar med felles barn under 16 år skal møte til mekling før saka blir bringa inn for retten eller fylkesmannen. Føremålet med meklinga er å komme fram til ein avtale om foreldreansvaret, samvereretten eller om kor barnet/borna skal bu fast.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du søkjer om separasjon og skilsmisse ved å ta i bruk eit skjema som Barne- og likestillingsdepartementet har utarbeidd. Fylkesmannen vil kunne gje deg fleire opplysningar om framgangsmåten.

Vedlegg

Vigslingsattest og gyldig meklingsattest. Det er berre i dei tilfella der paret har felles barn under 16 år at meklingsattest må leggjast ved.

Saksbehandling

Når Fylkesmannen har teke imot søknaden, kan partane innkallast til eit personleg møte dersom Fylkesmannen meiner det er hensiktsmessig. Fylkesmannen skal i alle saker der det er mogleg, innhente stadfesting på at paret har levd fråskilt i separasjonstida og ikkje teke opp att samlivet. Dersom vilkåret for skilsmisse er oppfylt, kan Fylkesmannen gje skilsmisseløyve.

Saksbehandlingstid

Saka skal behandlast så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar å gjere vedtaket.

Høve til å klage

Kvar av partane kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen sender du til Fylkesmannen. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Før klagen blir send dit, skal  Fylkesmannen vurdere om det er grunn til å endre det. 

Partane kan på førehand seie frå seg retten til å klage på vedtaket.

Tjenesten oppdatert: 21.08.2017 09:06