Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Rusmiddelavhengige - tiltak

Tenesteomtale

Misbruker du eller er avhengig av alkohol eller andre rusmiddel, kan du få hjelp til å komme bort frå misbruket/vanebruken. Vi gjev òg råd og hjelp til familien. Du har elles krav på dei same tenestene etter helse- og omsorgstenestelova som alle andre.

Målgruppe

Rusmiddelavhengige og familiane deira

Kriterium/vilkår

Dersom du ikkje er motivert for eit behandlingsopplegg med tanke på å bli rusfri på det aktuelle tidspunktet, skal kommunen kunne tilby deg andre støttetiltak.

Samarbeidspartnarar

  • Primærhelsetenesta
  • Spesialisthelsetenesta 
  • Fylkesnemndene for sosiale saker, som er statlege organ under Barne- og familiedepartementet, behandlar tvangssakene innanfor rusomsorga

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-1.

Helse- og omsorgstjenesteloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om denne tenesta. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre kan òg hjelpe deg. Det kan til dømes vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som blir lagd ved søknaden. Dersom du ønskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din hjelpe deg med å søkje om dette.

Vedlegg

Eventuell fullmakt

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2017 13:54