Du er her: Framsida ›› Raset på vegen til Brekkjen på Stanghelle, oppdatering kl 15.50

Raset på vegen til Brekkjen på Stanghelle, oppdatering kl 15.50

Geolog har vore på synfaring og melder om framleis rasfare. Det var ikkje mogeleg å gå opp med helikopter i dag. Det blir ny synfaring med geolog måndag.  Vegen til Brekkjen og over Træshaugen blir heilt stengd til måndag, og berørte husstandar er kontakta direkte. Bustaden som er evakuert vil framleis vere dette til geolog har vore på synfaring måndag 11. desember.
Kommunen vil ha vakthald i rasområdet i perioden. 

Gangveg inn til bustadene blir via undergang ved Lågaskartunnellen.

Skriv ut Skriv ut