Du er her: Framsida ›› Rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2018

Rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2018

Store investeringar og stram økonomisk drift i kommunen.

Lågare inntekter og auka utgifter til renter og avdrag gjer at kommunen får mindre penger til tenesteyting og drift framover. I rådmannen sitt budsjettforslag for 2018 er det lagt opp til ei nøktern drift og innstrammingar på alle områder, unntaket er barnehage som treng fleire plassar. 

Som følgje av lågare inntekter vil det vera nødvendig å redusere talet stillingar gradvis dei neste åra. Kommunen har budd seg på denne utviklinga og er i gang med nødvendige endringar og tilpassingar. Budsjettforslaget bygger på vedtatt handlingsprogram og økonomiplan for Vaksdal kommune.

Arbeidet med ny veg og bane gjennom kommunen skaper optimisme og kan gje folkevekst i kommunen på sikt. På Tettaneset legg kommunen til rette eit større utbyggingsområde for ny busetnad. Arbeidet med ny skule på Dale er i gang og planleggingsarbeidet for rehabilitering og tilbygg på Vaksdal skule er starta opp. Dette er store investeringar som kan bidra til tilflytting og hindre utflytting frå kommunen.

Formannskapet har budsjettseminar 6. og 7. november. Då vert heile budsjettgrunnlaget presentert, inntekter og utgifter vert belyst,  og alle deler av budsjettet vert gjennomgått. Formannskapet stiller spørsmål og kan be om tilleggsutgreiingar eller informasjon til neste møte 27. november. I dette møtet skal formannskapet gje si innstilling til budsjett til kommunestyret. Så vert budsjettet lagt til offentleg høyring i 14. dager og utvala får det til uttale. Kommunestyret vedtar endeleg budsjett for 2018 i møtet 18. desember 2017.

Klikk her for å åpne rådmannen sitt framlegg til budsjett 2018.pdf

Skriv ut Skriv ut