Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Ordensreglement i grunnskulen

Tenesteomtale

Kommunen skal gje forskrifter om ordensreglement for grunnskulen. Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevar og foreldre. Reglementet skal innehalde reglar om framferd og tiltak og framgangsmåte ved brot på reglementet.

Sanksjonar som ikkje går fram av ordensreglementet kan ikkje brukast. Fysisk refsing eller annan krenkjande behandling må uansett ikkje brukast.

Målgruppe

Elevar i grunnskolen og deira føresette.

Kriterium/vilkår

Før det blir gjort vedtak om bortvising eller anna form for refsing, skal eleven ha ein sjanse til å uttale seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Før rektor sjølv vedtek bortvising, skal rektor rådføre seg med lærarane til eleven. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vere vurderte før bortvising blir vedteke.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Ordensreglement (Udir.)

Høve til å klage

Du kan klage på dei mest alvorlege refsingstiltaka, det vil seie vedtak om bortvising for éin dag eller meir. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Klagen sender du til rektor. Klagefristen er tre veker etter at du har fått melding om vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal rektor vurdere om det er grunn til å endre vedtaket.

Tjenesten oppdatert: 01.12.2015 10:24