Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Opptenning av eld utandørs

Tenesteomtale

I perioden 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å tenne opp eld i eller i nærleiken av skogmark utan særskilt løyve. Du kan altså brenne hageavfall eller tenne St. Hansbål utan å innhente løyve, så sant dette ikkje skjer i eller i nærleiken av skogmark og tilhøva elles gjer det forsvarleg. Likevel bør du i slike tilfelle gje melding til brannvesenet over telefon. Det er det viktig å vere klar over at du har plikt til å vise aktsemd. Brot på aktsemdplikta kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Ver merksam på at brannsjefen alltid kan forby opptenning eller krevje at du sløkkjer open eld dersom det er openberr brannfare.

Dersom du skal utføre flatebrenning eller brenne hogstavfall i skogmark, eller utføre gras- eller lyngsviing i eller i nærleiken av skogmark, er det eit krav at det skal vere ein ansvarleg leiar. Vedkommande skal utarbeide planar for brenninga og skal sjå til at brenninga gjennomførast på ein forsvarleg måte. Send melding til brannvesenet i god før brenninga gjennomførast. Brannvesenet avgjer om det ønskjer å sjå planane. Dette vil først og fremst vere aktuelt i samband med jord- og skogbruksverksemd. Det generelle forbodet mot open eld i skogmark i perioden 15. april til 15. september gjeld ikkje slik brenning.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Lover

Forskrift om brannforebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet og § 8-2 Bruk av ild utendørs.

Forskrift om brannforebygging
Brann- og eksplosjonsvernloven

Tjenesten oppdatert: 22.05.2017 14:27