Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendingar

Tenesteomtale

Er du utlending mellom 16 og 55 år og har opphaldsløyve som gjev grunnlag for permanent opphaldsløyve, skal kommunen gje deg opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Ordninga skal verke med til at du kan ta del i arbeidslivet. Til saman skal du ha opplæring i 600 timar. Opplæringa i samfunnskunnskap skal gå føre seg på eit språk som du forstår. Norskundervisninga skal gå føre seg på norsk. Du må ha gjennomført opplæringa for å få permanent opphaldsløyve og statsborgarskap.
Frå 1. september 2013 er det innført obligatoriske avsluttande prøver i norsk og samfunnskunnskap.

Det skal lagast ein individuell plan. Planen skal ta utgangspunkt i opplæringsbehovet ditt. Har du rett til gratis opplæring (sjå nedanfor), skal du få tilbod om vidare gratis opplæring i norsk (i inntil 2 400 timar) dersom du har behov for det. Kommunen kan krevje at det blir gjennomført ein test for å slå fast om du har eit slikt behov.

Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. Dette inkluderer:

  • asylantar
  • overføringsflyktningar
  • arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira
  • personar med opphald på humanitært grunnlag og familiegjenforeinte til desse 
  • familiegjenforeinte med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg

Pris for tenesta

Tenesta er gratis for personar mellom 16 og 55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Kommunen har plikt til å tilby denne tenesta. Sjå spesielt introduksjonsloven kap. 4 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Forskrift om norskopplæring mv. for innvandrere
Forvaltningsloven
Forskrift om nasjonalt introduksjonsregister
Introduksjonsloven

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å sørgje for opplæring i norsk og samfunnskunnskap så snart som mogleg og innan tre månader etter at krav om slik opplæring blir sett fram.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtak om

  • tildeling av opplæring
  • vesentlege endringar i den individuelle planen
  • at opplæringa blir stansa
  • permisjon

Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 13:10