Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Opplæring i grunnskule og vidaregåande skule – innhald og timetal

Tenesteomtale

Du kan vende deg til Fylkesmannen som har ansvaret for å føre tilsyn etter opplæringslova, dersom du meiner at skulen ikkje gjev opplæring i samsvar med den fag- og timefordelinga som Kunnskapsdepartementet har utarbeidd. Oversynet viser kor mange timar kvart fag skal ha på dei ulike skuletrinna, og kva fagkombinasjonar som er moglege. Dette er ein del av Læreplanverket for Kunnskapsløftet – ei reform for skuleverket som starta i 2006. Skuleeigar er forplikta til å dokumentere at skulen følgjer fag- og timefordelinga.

Skulen skal prioritere at du utviklar grunnleggjande ferdigheiter i å

  • uttrykkje deg munnleg 
  • uttrykkje deg skriftleg 
  • lese 
  • rekne 
  • bruke digitale verktøy

Desse ferdigheitene er integrerte i læreplanane for dei ulike faga. Læreplanane har tydelege mål for kva du skal meistre på dei ulike trinna. Dersom du ikkje har nok utbytte av den vanlege undervisninga, har du rett til spesialundervisning..

Samarbeidspartnarar

Det er Fylkesmannen som har ansvaret for å føre tilsyn med at skuleeigar oppfyller krava i opplæringslova med forskrift, og at opplæringa skjer i samsvar med Kunnskapsløftet. Fylkesmannen kan gi skuleeigaren pålegg om å rette opp eventuelle avvik.

Lover

Sjå opplæringslova §§ 2-3, 3-2, 3-4, 4A-6 og 6-4.

Sjå forskrift til opplæringslova kap. 1 Innhaldet i opplæringa.

Opplæringslova
Forskrift til opplæringslova

Tjenesten oppdatert: 22.05.2017 15:27