Du er her: Framsida ›› Modulskule på Stanghelle

Modulskule på Stanghelle

Torsdag 2. november var det foreldremøte på Stanghelle skule for å orientere om etablering av modulskule i samband med bygging av ny skule på Dale samt rehabilitering og tilbygg for Vaksdal skule. Det var godt oppmøte og engasjerte foreldre som møtte fram. Vaksdal kommune takkar for gode og konstruktive innspel på møtet, desse vert tatt med vidare i planprosessen. Blant det som var spelt inn på møtet er:

  • ein utviklar alternativ 2 modulskule ved Bmx bane vidare
  • uteområdet vert utvida/klargjort for fleire elevar
  • trafikktryggleikstiltak

Som det vart presisert av både prosjektet og foreldre på møtet så er det viktig at alle jobbar for eit godt skulemiljø i perioden med modulskule og at elevar frå Dale og seinare Vaksdal skal føle seg velkommen på skulen på Stanghelle. Det vert sett ned ein arbeidsgruppe med repr. frå foreldre, tilsette og Stanghelle idrettslag. Vidare vert avholdt foreldremøte på Vaksdal skule og Dale skule før jul.

Me i prosjektleiinga for ny barne- og ungdomskule på Dale ser fram til eit godt samarbeid med foreldre og tilsette i alle berørte bygder frametter.

Her finn du presentasjonane frå møtet:

Moduskule på Stanghelle.pdf

Informasjon om skuledrift - modulskule på Stanghelle.pdf

Skriv ut Skriv ut