Du er her: Framsida ›› Massedeponi - frist for innspel er 28. februar
Kart over mogelege deponi

Massedeponi - frist for innspel er 28. februar

Kommunen ber om tilbakemelding på mogelege område for massedeponi i forbindelse med bygging av ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle.

Mogelege massedeponi i Vaksdal
Planarbeidet med ny E16 og jernbane er enno i ei forfase. Staten har bede kommunen lokalisere massedeponi med potensiale for større volum (over 100.000 m3) som grunnlag for vidare utgreiing. Så langt har kommunen lokalisert 16 mogelege områder. Som ei første «sondering» ynskjer kommunen tilbakemeldingar frå grunneigarar og andre interessentar, både for dei føreslåtte og eventuelle nye lokalitetar. Me gjer merksam på at dette ikkje er «godkjende» lokalitetar, og må i seinare fase handsamast etter plan- og bygningslova, jordlova og andre aktuelle lov- og regelverk. Vaksdal kommune er i gong med å engasjere rådgjevarar for å vurdere stabilitet / gjennomførbarhet av utfylling i sjø på Boge, Vaksdal og Stanghelle.

Her finn du oversikt over dei ulike alternativa.

Her kan du finne oversikten i Nordhordlandskart.  (Når du åpner kartet, velg Temakart - K5)

Innspel sendast til: post@vaksdal.kommune.no og merkast "Massedeponi Vaksdal kommune". Frist for innspel er 28. februar 2017.

Kva er massedeponi?
I samanheng med utbygging av ny trasé for E16 og jernbane gjennom kommunen vil det verte stort overskot av stein frå tunnellar. Denne steinen er i utgangspunktet ein ressurs, som kan brukast til ulike føremål. Den kan for eksempel nyttast til landheving, nye areal og jordbruksland og den kan knusast til pukk og grus i ulike størrelsar.  Det er desse steinmassane som skal plasserast i midlertidige eller permanente deponi. Kommunen ynskjer så langt som råd å bruke desse steinmassane og deponia til positiv samfunnsutvikling i kommunen.
Juridisk sett skal tunnelstein handterast etter Forurensingslova, og slik sett er den definert som avfall. Det betyr at det er eit regelverk, søknadsprosedyrar og løyve frå Fylkesmannen som er juridisk ramme for deponia.

Skriv ut Skriv ut