Du er her: Framsida ›› Kunngjering om utlegging av manntal til offentleg ettersyn

Kunngjering om utlegging av manntal til offentleg ettersyn

For å kunne røysta må du stå innført i manntalet.  Hovudmanntalet ligg no ute til offentleg ettersyn.

 

For å kunne røysta må du stå innført i manntalet.  Hovudmanntalet ligg ute til offentleg ettersyn på desse stadane:

- Innbyggjarservice i heradshuset
- Vaksdal folkebibliotek, hovudbiblioteket på Dale
- Vaksdal folkebibliotek, filial Vaksdal

Hvis du har flytta frå ein annan kommune og melding om flytting ikkje er mottteke av folkeregisteret innen 30. juni, står du framleis i manntallet i den kommunen du flytta frå.  På valdagen må du då røyste i den kommunen – eller du kan førehandsrøyste.

Før den ordinære førehandsrøysting startar 10. august, vil alle røysteføre motta valkort i posten.  Dersom du ikkje mottek valkort, og heller ikkje har høve til å sjekka om du står i manntalet på utleggingsplassane, kan du ringa til Innbyggjarservice på telefon 56 59 44 00 eller til valstyret på telefon 56 59 44 64.

Dersom du ikkje står i manntalet og meiner at det er feil, har du høve til å krevje feilen retta.  Ta då kontakt med Vaksdal valstyre, Konsul Jebsensgt. 16, 5722 Dalekvam. 

Sjå meir informasjon om Stortingsvalet her

Skriv ut Skriv ut