Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Kulturminne - løyve til inngrep

Tenesteomtale

Dersom du har eit kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du så tidleg som mogleg melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne). Dette gjeld kulturminne som er automatisk freda, det vil seie kulturminne datert før år 1537 og alle samiske kulturminne eldre enn 100 år. Eksempel på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminne kan vere på land eller under vatn.

Målgruppe

Privatpersonar eller verksemder som skal setje i gang mindre tiltak.

Kriterium/vilkår

Gjeld tiltak som for eksempel grøfting, skogplanting, bygging av hytte, garasje, osb.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du vil ha meir informasjon om ordninga, eller dersom du er usikker på kva som er eit mindre, privat tiltak.

Vedlegg

Gje ei forklaring av planen/tiltaket med tekst og kart/teikning.

Saksbehandling

Det kan vere aktuelt med synfaring og registrering av kulturminna. Det er ofte ein fordel å gjere dette når det er frost- og snøfritt. Fylkeskommunen/Sametinget vurderer søknaden og sender tilrådinga si til Riksantikvaren. Riksantikvaren gjer vedtaket sitt, og gjev løyve eller avslag. I vedtaket kan det bli stilt vilkår om arkeologisk utgraving der tiltakshavaren må dekkje kostnadene. Du kan søkje om støtte til dette.

Saksbehandlingstid

Fylkeskommunen, Sametinget og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket frå Riksantikvaren om å gje løyve eller nekte tiltaket. Dersom vedtaket inneber vilkår om arkeologiske utgravingar, kan du klage på dette. Klagefristen er seks veker. Klaga skal sendast til Riksantikvaren. Dersom Riksantikvaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Miljøverndepartementet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 30.11.2015 15:00