Du er her: Framsida ›› Kommunen vår ›› Kommunen vår

Kommunen vår

Bilete frå Storefossen

Vaksdal kommune ligg sentralt til mellom Voss og Bergen.
Stamvegen mellom Bergen og Oslo, E16 går gjennom store delar av kommunen og gjev effektiv kommunikasjon mot aust-vest. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur.
Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv. Daledagane har vorte ein årleg tradisjon med stor oppslutnad.

Vaksdal kommune har eit areal på 738 km² og er 5. største på areal i Hordaland fylke, og har omlag 4100 innbyggjarar. Naturen i Vaksdal varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap.

Ordførar i kommunen er Eirik Haga (Ap) og rådmann er Trine P. Grønbech

Skriv ut Skriv ut