Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Klage til Sivilombodsmannen

Tenesteomtale

Sivilombodsmannen er oppnemnd av Stortinget for å kontrollere forvaltninga. Som vanleg borgar kan du klage til Sivilombodsmannen dersom du meiner at forvaltninga har gjort ein feil eller ein urett. Med forvaltninga meiner ein  både statlege, kommunale og fylkeskommunale myndigheiter. Klage kan gjelde

  • brot på saksbehandlingsreglar som for eksempel manglande svar eller sein saksbehandling
  • at forvaltninga har gjort eit vedtak som du meiner er feil

Kriterium/vilkår

Dersom det er gjort eit vedtak i saka di, skal vedtaket innehalde opplysningar om korleis du klagar til eit høgare forvaltningsorgan som kan overprøve avgjerda i saka. Du må først ha nytta dette høvet til å klage før du kan klage til Sivilombodsmannen.

Pris for tenesta

Å klage til Sivilombodsmannen er gratis.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Klagen må vere skriftleg og underteikna. Du kan nytte vanleg brev eller klageskjema (sjå lenkja under Søknadsskjema). Det er viktig at du forklarer kva forvaltningsorgan (kommune, direktorat, departement eller anna) det gjeld. Du bør òg forklare kva for feil du meiner at forvaltninga har gjort. Er det eit konkret vedtak du meiner er feil, bør du oppgje dato for vedtaket og helst leggje ved ein kopi. Treng du hjelp til å setje opp klaga, kan du kontakte Sivilombodsmannen sitt kontor og gjere ein avtale – anten om rettleiing på telefon eller ved oppmøte.

Vedlegg

Alle dokument som du trur kan opplyse saka. Det er ikkje nødvendig å skaffe alle saksdokumenta. Dersom Sivilombodsmannen skal behandle saka, blir alle dokumenta innhenta frå forvaltninga.

Saksbehandling

Ein saksbehandlar vil først gå gjennom klaga og vurdere om ho skal behandlast av Sivilombodsmannen. Dersom det er grunnlag for det, blir det forvaltningsorganet du klagar på, bedt om å gjere nærmare greie for saka. Du vil så få høve til å kommentere svaret. Til slutt vil Sivilombodsmannen uttale si meining om saka. Forvaltninga retter seg i praksis etter Sivilombodsmannen sine synspunkt, men er etter lova ikkje forplikta til det.

Saksbehandlingstid

Dersom klaga di ikkje kan behandlast, vil du få melding om dette i løpet av to veker. Ei vurdering av om det er grunnlag for å ta klaga di opp med det forvaltningsorganet det gjeld, vil ta mellom fire og ti veker. Deretter får forvaltningsorganet til vanleg ei svarfrist på fire veker. Tida det tar å ferdigbehandle ei sak, er avhengig av mellom anna kor komplisert saka er og kor omfattande undersøkingar som er nødvendig.

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 09:20