Du er her: Framsida ›› Kald vår kan gje færre brunsniglar

Kald vår kan gje færre brunsniglar

I følgje Erling Fløistad frå NIBIO, gav ein sein og kald vår forsinka utvikling for skogbrunsniglane fleire stader i landet. Mange rekk av den grunn ikkje å bli kjønnsmogne til paringa i juli og august, og ein kan soleis håpe på nedang i talet på sniglar til neste år.

Ei samordna plukking i burettslag no i sommar, vil òg kunne hjelpe, seier Fløistad til Aftenposten. Kanskje noko å følgje opp lokalt! 

Les Aftenposten sin artikkel her.

Politikarane i Vaksdal kommune hatt plagene som brunsnigelen skapar for hageeigarar oppe som sak, og diskutert korleis kommunen kan engasjere seg. I dette høve fatt formannskapet følgjande vedtak:

"Kommunen informerer lokale hagelag/grendelag om mogelege tiltak for å bekjempe brunskogsnigel i lokalmiljøet.  Kommunen bistår med informasjonstiltak og ev praktisk hjelp.  Det kan ev ytast økonomisk støtte til koordinerte tiltak i regi av lokale lag. Kostnadsramme: ca 20.000 Tiltaket skal starta opp i 2017.


Administrasjonen tek sikte på å halde møte med hagelag og vellag etter ferien.
 

 

 

Skriv ut Skriv ut