Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Jegerprøven

Tenesteomtale

Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Prøven består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter at kurset er gjennomført, kan du ta ein elektronisk eksamen som kommunen arrangerer. Alle jegerprøveeksamenar gjennomførast elektronisk.

Målgruppe

Personar som i kalenderåret fyller 14 år (gjelder småvilt) eller 16 år som ønskjer å drive jakt eller fangst.

Kriterium/vilkår

Jegerprøven kan takast av alle som i kalenderåret er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan skje frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha teke jegerprøven.) Opplæringsjakt på storvilt kan skje frå fylte 16 år til fylte 18 år. (Her blir det kravd at ein har klart jegerprøven, og at ein har teke skyteprøven for dei artane som det blir kravd for.)

Pris for tenesta

Når du skal gå opp til eksamen, må du betale eit eksamensgebyr på 300 kroner. Gebyret skal betalast elektronisk til Miljødirektoratet:

http://jegerproveeksamen.no/for-kandidater/

 

Samarbeidspartnarar

Studieorganisasjonar, vanlegvis lokallaga til Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kommunen arrangerer elektronisk eksamen. Dette blir kunngjort i lokalavisa. Kursarrangør/lærar har oversikt over eksamensdatoane.

Saksbehandling

Kommunen sender eksamenssvara til Jegerregisteret. Når du har fullført obligatorisk kurs og klart skriftleg eksamen, skriv kommunen ut bevis for at jegerprøven er teken.

Høve til å klage

Du kan ikkje klage på ein eksamen du ikkje har klart. Du kan gå opp til ny eksamen, og betale eksamensavgift for kvart forsøk.

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 09:19