Du er her: Framsida ›› Innsyn ›› Innsyn i postlister og saker

Innsyn i postlister og saker

Retten til innsyn i saksdokument i offentlig forvaltning går fram av offentleglova. Føremålet med lova er å leggja til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridomen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta.

Hovudregelen i offentleglova er at alle saksdokument, journalar og liknande i offentleg verksemd er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov.
Alle kan krevje innsyn i saksdokument, journalar og liknande register.

I menyen til venstre finn du postliste og møtesaker. Der ligg og ein link til Offentleglova og Forvaltningsloven.

Inntil vidare vert ikkje tekstdokument i Vaksdal kommune publisert. Du kan bestille dokument ved å sende ein epost til post@vaksdal.kommune.no med opplysning om dokumentID.

Skriv ut Skriv ut