Spesialundervisning

Har du eit barn som ikkje har eller kan få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet på skulen, kan han eller ho ha rett til spesialundervisning.

Slik søkjer du

Som føresett kan du melde frå til skulen sitt ressursteam ved rektor om du ønskjer kontakt med PPT. Du kan også ta kontakt direkte med PPT. Du fyller ut skjema saman med skulen. 

Du kan søkje PP-tenester heile året. 

Her finn du skjema for oppmelding til PPT.

Skjema sender du til:

PP-tenesta for Vaksdal og Modalen
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kontakt oss

PPT- fagleiar Wenche Faugstad

Einingsleiar Jill Bru Johansen

Konsulent Margrethe Kydland

Opningstider

Kontoret er ope måndag - fredag klokka 08.00 - 15.00

Besøks- og postadresse: 

Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Kva er vår rolle?

Vi skal ha fokus på barn og unge sine behov for gode utviklingsbetingelser i barnehage og skole.

Vi har eit særleg ansvar for å hjelpe skular og barnehagar med å leggje til rette for barn med spesielle behov. 

PPT skal sørge for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjer vi når vi skal vurdera behov for spesialpedagogiske tiltak for barn i førskolealder.


Sist oppdatert: 24.05.2023
Publisert: 29.05.2018