HjemPolitikk og høyringarSlik kan du påverke politisk

Slik kan du påverke politisk

Innbyggjarforslag

Eit innbyggjarforslag gir deg som innbyggjar høve til å få kommunestyret til å behandle politiske saker du er oppteken av.
Dersom du fremjar eit slikt forslag er kommunestyret forplikta til å behandle det innan 6 månader.

Slik sender du inn eit innbyggjarforslag

Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. I løpet av ein valperiode kan ikkje det same forslaget behandlast meir enn ein gong.

Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støttar forslaget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse. Adressene må stadfeste at alle som har underskrive bur i kommunen. Manglar adressene kan forslaget avvisast.

Minsak.no

Det beste er å bruke nettsida Minsak.no for å sende inn elektronisk innbyggjarforslag.

Sida er driven av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Munnlege innlegg på kommunestyremøta - open halvtime

Det er open halvtime for publikum frå klokka 11.00. Om du har noko du vil seie til kommunestyret må du vere til stades før møtet startar, og gje beskjed om at du har ei sak du vil ta opp.

Du kan ikkje ta opp saker som er på sakslista.

Trykk her for å komme til oversikt over dei politiske møta i kommunen.

Kontakt politikarar og parti

Dersom du, eller ei gruppe/foreining du representerer, har synspunkt på ei sak som skal behandlast politisk, kan du sende eit brev eller ein e-post.

Trykk her for å finne kontaktinformasjon for medlemmer, varamedlemmer og møtekalender .


Sist oppdatert: 03.01.2024
Publisert: 29.06.2018