Frivillig

Ung i Vaksdal 2020

Frivilligsentralen inviterer barn og unge i Vaksdal til mange spennande aktivitetar i sommar.

Vaksdal Frivilligsentral har motteke kr 100 000,- av Gjensidigestiftelsen til prosjekt «Ung i Vaksdal- sommar 2020».

Vi har no på plass ei rekke med aktivitetar  for barn og unge (6-19 år) i Vaksdal, Bergen og Voss.

Nokre aktivitetar er organisert. Dei blir arrangert dei første to ukene i august. 
Nokre aktivitetar er uorganisert. Her får du billettar til aktiviteten og går på eigenhand. Billettene vil du få på Heradshuset på Dale eller på e-post. 

Det er begrensa med plassar, så "først til mølla" gjeld for tildeling.

Alle aktivitetane er gratis for deg mellom 6 - 19 år. Vaksne betalar kr 100.- i egenandel.

Påmelding innen 10.juli til:  post@vaksdal.frivilligsentral.no

Trykk her for påmeldingsskjema. 

Aktivitetsoversikt: 

Organiserte aktivitetar
med leiar

     
Rafting Voss August Alder minimum 14 år
Vindtunnel Voss August Alder minimum 14 år
Folgefonna skitur
(Du kan låne ski)
Jondal 10.august Alder minimum 14 år
Stolpejakt med pizza Voss August  
Båttur Mostraumen August  
Bli kjent med kano Stamnes  August  
Overnatting i friluft/hytte    August  
       

Uorganiserte aktivitetar
Du bestemmer sjølv når du vil dra

     
 Klatreparken  Nesttun/Bergen  Juli/august  
 Kino  Voss/bergen  Juli/august  
 Hesteriding    Juli/august  
 Til fjells  Gondolen Voss  Juli/august  
 Akvariet  Bergen  Juli/august  
 Rush trampolinepark  Kokstad/Bergen  Juli/august  
 Svømming  ADO/ Bergen  Juli/august

 

Badeland/bowling

Vestkanten/ Bergen/ Vossabadet

Juli/august  
Teater "Namnet" Den Nationale Scene/ Bergen 11.august  

 Lenker:

Voss active

Fjordcruise til Mostraumen

Voss vind

Akvariet i Bergen

ADO arena Bergen

Rush trampolinepark Bergen

Høyt og lavt Bergen

Den Nationale Scene

Vaksdal frivilligsentral

Vil du bruke litt av di tid saman med andre? 
Vil du treffe nye menneske?

Ynskjer du å melde deg som frivillig, kan du ta kontakt med Vaksdal Frivilligsentral. 

Les meir på Vaksdal frivilligsentral sine heimesider.

Friskus

Digital møteplass for aktivitet og frivilligheit. 

Enkelt å delta. Enkelt å organisere. Meir tid til menneske. 

Gjennom Friskus kan du sjå og delta på arrangement og frivillige oppdrag, organisere eigne arrangement via din organisasjon eller berre halde deg oppdatert på kva som skjer i nærområdet.

Med din eigen Friskus-profil har du enkel oversikt over aktivitetane i kommunen og alt du vil delta på. 

Les meir om Friskus og sjå oversikt over arrangement her. 

Kontaktperson i kommunen

Anita Sævild

BULK - utlånssentral av utstyr til sport, fritid og friluftsliv startar 23. januar 2020

23. januar startar vi opp eit nytt tilbod til barn og unge i kommunen:

BULK er ein utlånssentral av utstyr til sport, fritid og friluftsliv kor alle barn og unge i Vaksdal kommune kan låne utstyr gratis til sport, fritid, friluft og spelekveldar.

Vi vil samstundes opprette ein samlingsplass for brettspel / PS4 o.l.i opningstida til BULK på Turbinen.

Alle barn og unge er velkomne til BULK!

Stad: Turbinen på Dale

Tid: Torsdagar kl 16.00-20.00 - frå 23. januar!

Tilbodet er gratis!

Har du utstyr du ikkje lenger brukar, tek vi gjerne imot. Det kan vere:

  • Langrenn: ski, stavar, sko
  • Alpint: ski, stavar, støvler
  • Snowboard: brett, sko
  • Telt/ soveposar eller liknande
  • Skøyter
  • Brettspel
  • Anna fritidsutstyr for barn og unge

Utstyr kan leverast på Turbinen på Dale

  • Torsdag 16. januar kl 12.00 - 17.00

 Lurer du på noko, ta kontakt med:

BULK er oppretta av Vaksdal kommune og Vaksdal frivilligsentral.


Sist oppdatert: 01.07.2020
Publisert: 01.06.2018