Jordbruk og landbrukseigedom

Kontaktinformasjon

 

Landbruksrådgjevar Tore Henrik Øye

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - frist 1. juni 

Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.

For å få tilskott er vilkåret at det må gå føre deg ein produksjon med rett på produksjonstilskott på landbrukseigedomen. Eigarar som sjølv ikkje driv areala, kan søkje dersom det vert drive ein produksjon med tilskottsrett i regi av andre. Den som leiger areal med tilskottsrett, kan òg søkje om tilskott dersom han har godkjenning frå eigar.

Lokal SMIL strategi   

Vaksdal kommune har eigen strategi som grunnlag for tildeling av tilgjengelege midlar mellom innkomne søknadar. 

Trykk her for å lese strategien for 2019 - 2022. 

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut skjema frå Landsbruksdirektoratet. 

Trykk her for å komme til søknadsskjema og nærare informasjon 

Søknad sendast til

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Søknadsskjema kan også sendast på e-post til post@vaksdal.kommune.no

Kven kan søkje?

Føretak eller privatpersonar som driv eller eig ein landbrukseigedom.

Krav til søkjar

Vi kan gi tilskott til gjennomføring av tiltak som tar vare på natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet.

Vi kan òg gi tilskott til gjennomføring av tiltak som bidrar til å redusere forureining eller, bidrar til mindre risiko for forureining frå jordbruket.

Kva skjer vidare?

Kommunen avgjer søknaden om tilskott og prioriterer søknader som ligg innanfor tiltaksstrategien til kommunen.

Har du fått innvilga tilskott, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskott på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.

Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg tilbakemelding frå oss om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til landbruksavdelinga. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer å endre i vedtaket, og grunngi det. Du kan be om rettleiing frå kommunen. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal vi vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, sender vi saka til Statsforvaltaren.

Kva seier lova?

Avløysarordningane i jordbruket

Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket. Du kan søkje om tilskott til avløysing ved mellom anna

  • ferieavvikling
  • sjukdom
  • svangerskap/fødsel/adopsjon
  • følgje av sjukt barn til behandling
  • dødsfall i nær familie

Tilskottet skal dekkje utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.

Kven kan søkje?

Landbruksføretak

Vilkår

Avløysaren må vere minst 15 år og kan ikkje ha inntekt frå gardsbruket eller vere ektemake/sambuar til ein som har inntekt frå gardsbruket.

Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak

Korleis søkjer du?

Du fyller ut søknadsskjema frå Landbruksdirektoratet.

Trykk her for å komme til søknadsskjema for produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Vedlegg

Dette avheng av type avløysing du søkjer om og går fram av skjemaet.

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å gjere eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Sjå søknadsskjemaet når det gjeld tidspunktet og retningslinene for utbetaling av tilskottet. Ta eventuelt kontakt med kommunen.

Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Lover

Tilskot til drenering

Formålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord, til fordel for både avlingar og miljø. For planerte areal kan det frå 2016 òg bli gitt tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.

God drenering eller grøfting er viktig for å få gode avlingar. Store delar av den dyrka jorda i Noreg har for dårleg drenering. Det gir dårlege veksttilhøve for plantene og ofte vanskelege innhaustingsforhold. Resultatet er mindre avlingar med dårlegare kvalitet. Dårleg drenert jord gir òg større risiko for tap av jord og næringsstoff til vatn og utslepp av klimagassar til luft.

Vi gir ikkje tilskot om tiltaket fører til

  • monaleg skade for annan eigedom og naturmangfald
  • stor fare for flaum og vassureining
  • fare for skade på automatisk freda kulturminne

Vi gir heller ikkje tilskot om du allereie har starta på tiltaket før du har søkt og fått innvilga tilskotet.

Slik søkjer du

Når du søkjer om tilskot, må du nytte skjemaet frå Landbruksdirektoratet som du finn her:

Trykk her for å laste ned søknad om tilskot til drenering hos Landbruksdirektoratet

Du får utbetalt tilskotet etter at du har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Du må gjennomføre tiltaket innan tre år frå då søknaden blei innvilga.

Kven kan søkje?

Målgruppa er eigar av eller føretak som leiger jordbruksareal med behov for ny drenering.

Klage

Kommunen gjer vedtak om søknaden. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Blir avgjerda i kommunen ståande, kan du klage vidare til Statsforvaltaren. 

Landbruksplast

Vaksdal kommune høyrer til BIR sitt område. BIR Bedrift tek imot landbruksplast på  sitt anlegg på Lønningshaugen i Blomsterdalen. Det er gratis å levere under føresetnad av at plasten er rein og tørr. BIR bedrift kan plassere ut konteinar etter avtale mot transportkostnad ved utsetjing og henting (transport per time).

I tillegg har Indre Hordaland miljøverk (IHM) gjeve melding om at bønder i Vaksdal kan levere landbruksplast gratis til IHM. Miljøverket kan setje ut konteinar mot fakturering av transportkostnadar.

Vaksdal kommune har ingen organisert innsamling av landbruksplast.

Produksjonstilskot

Produksjonstilskot er ei fellesnemning for ei rekke tilskotsordningar som foretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søkje på. Føremålet med produksjonstilskot er  "å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk» innanfor dei målsettingane Stortinget har trekt opp. Produksjonstilskot omfattar fleire tilskotsordningar i jorbruket, mellom anna arealtilskot, tilskot til husdyr og kulturlandskapstilskot med fleire.

Slik søkjer du

Det er berre mogeleg å søkje elektronisk. Du må bruke anten BankID, MinID, eller Buypass for å logge deg inn i søknaden din via Altinn på Landbruksdirektoratet sin nettportal.

Trykk her for søknadsskjema og meir informasjon på nettsida til Landbruksdirektoratet. 

Søknadsfrist

Det er to søknadsfristar i året:

  • 15. mars (med høve til å gjere endringar fram til og med 29. mars)
  • 15. oktober (med høve til å gjere endringar fram til og med 29. oktober).

Søknadsfristane er absolutte.

Det vert betalt ut tilskot for begge omgangane i februar påfølgjande år.

Landbrukseigedom

Deling av landbrukseigedom

Har du tenkt å dele ein eigedom du nyttar, eller kan nytte til jordbruk eller skogbruk, må landbruksmyndigheitene godkjenne delinga. Dersom føremålet med delinga gjer det naudsynt med samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, må samtykke til omdisponering godkjennast først.

Vilkår

Kommunen kan gje samtykke til deling dersom delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.

Vi skal då vurdere:

  • Om omsynet til vern av arealressursane blir sikra
  • Om det er ei driftsmessig god løysing
  • Om det kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området

Vi kan òg leggje vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under føremålet med jordlova. Sjølv om desse landbruksomsyna ikkje talar for deling, kan ein likevel tillate deling dersom det er naudsynt av omsyn til busetjinga i området.

Slik søkjer du

Du må søkje om å få dele landbrukseigedommen. Gjer greie for eigedommen og plasseringa til det arealet du søkjer om å dele av. 

Send ein e-post til post@vaksdal.kommune.no, eller send til 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Kva skjer vidare?

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er naudsynte for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Slik kan du klage

Du kan klage dersom du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Les meir

Konsesjon

Konsesjon betyr løyve til å erverve fast eigedom.

Erverv er eit fellesord for alle måtar du kan overta ein eigedom på: kjøp, arv eller gåve.

Fast eigedom er for eksempel eit hus, ein gard, ei tomt eller andre areal.

Konsesjonsfrie erverv

Hovudregelen er at du utan konsesjon kan erverve eigedom med bygningar som

  • er maks 100 dekar
  • har maks 25 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord

Erverv av tomt som kommunen har lagt ut til bustad- eller fritidsformål, og erverv av ubygd areal som i kommune- eller reguleringsplan er lagt ut til anna enn landbruksformål, er òg som oftast konsesjonsfritt. Erverv av leilegheit er konsesjonsfritt.

Erverv frå nær familie er som regel konsesjonsfritt. Dei same reglane gjeld for sambuarar som for ektefelle.

Når ervervet gjeld ein landbrukseigedom, kan konsesjonsfridommen vere omfatta av buplikt. Ervervet er òg konsesjonsfritt når ervervaren har odelsrett til eigedommen. Konsesjonsfridommen er omfatta av buplikt.

Når må eg sende eigenerklæring om konsesjonsfridom?

Dersom ervervet er konsesjonsfritt, er hovudregelen at ervervaren sender inn eigenerklæring. Ervervaren må sende erklæringa til kommunen for stadfesting, og etterpå til Kartverket for tinglysing.

Eigenerklæring er ikkje nødvendig ved

  • erverv av utbygd eigedom der arealet ikkje overstig 2 dekar
  • erverv av dei fleste typar leilegheiter

Når må eg søkje om konsesjon?

Dersom ervervet ikkje er konsesjonsfritt, må du søkje konsesjon på eige skjema, som du sender til kommunen.

Konsesjon skal vanlegvis ikkje gis dersom det oppstår sameige i eigedommen. Konsesjon må vere gitt for at ervervet kan tinglysast. 

Slik søkjer du

Trykk her for å komme til Landbruksdirektoratet sine nettsider om konsesjon.

Last ned og fyll ut riktig skjema.

Send søknadsskjemaet på e-post til post@vaksdal.kommune.no, eller med brev til:

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Slik kan du klage

Du kan klage til Statsforvaltaren i Vestland innan tre veker etter at du mottok vedtaket frå Vaksdal kommune. 

Driveplikt

Eig du ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Du oppfyller driveplikta når du sjølv driv arealet, eller leiger det bort som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum ti år om gongen.

Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv, eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta må du sende søknad til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid, eller varig. Det kan òg stillast vilkår for fritaket.

Kven kan søkje fritak?

Eigarar av jordbruksareal, som omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Vilkår

Kommunen vil leggje vekt på

  • kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
  • storleiken på arealet og avkastingsevna
  • om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i det området der eigedommen ligg
  • søkjar sin livssituasjon

Slik søkjer du

Søknad om fritak for driveplikta på landbrukseigedommar i Vaksdal kommune sender du på e-post til post@vaksdal.kommune.no, eller med brev til:

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Søknaden kan gjelde heile eller delar av jordbruksarealet. Vi har ikkje eit eige søknadsskjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til kommunen.

Kva skjer vidare?

Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter gjer vi eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkjast at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje føl med, kan du få ho ved å kontakte kommunen innan klagefristen for vedtaket.

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.

Slik kan du klage

Både du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller dei er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er teke imot. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du kontakte kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Lover og retningslinjer

Buplikt

Buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen.

Det kan vere buplikt på landbrukseigedommar og på andre eigedommar. I nokre tilfelle er buplikta lovbestemt. I andre tilfelle kan kommunen bestemme at det er buplikt på eigedommen, anten ved forskrift, eller i kvar einskild sak.

Buplikta kan vere personleg, eller upersonleg. Personleg buplikt betyr at du som eig må bu der sjølv. Personleg buplikt blir oppfylt når du som har buplikt er folkeregistrert som busett på eigedommen.

Upersonleg buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen, men at dette ikkje treng å vere eigaren sjølv. Upersonleg buplikt blir oppfylt når nokon er registrert som busett på eigedommen i folkeregisteret.

Kva for eigedommar har buplikt?

Kommunen skal ut frå omsyn til busetting, ressursforvaltning og kulturlandskap ta stilling til om det skal vere buplikt på ein eigedom, og kor lenge plikta skal vare.

Buplikt kan vere eit vilkår for å få konsesjon.

Det er ikkje buplikt på konsesjonsfrie eigedommar. Frå dette gjeld eit unntak, slektskap og odel.

Eigedom med bustader der fulldyrka og overflatedyrka jord på eigedommen er meir enn 25 dekar, eller der eigedommen har meir enn 500 dekar produktiv skog, kan du overta konsesjonsfritt på grunn av odelsrett eller slektskap. Det er eit vilkår at eigedommen har eit hus som er eller har vore i bruk som heilårsbustad, eller at det er hus under oppføring på eigedommen.

Konsesjonsfridommen er i slike saker avhengig av at den som overtar flytter inn på eigedommen innan eitt år, og bur der sjølv i minst fem år (personleg buplikt).

Trykk her for å lese meir om buplikt på nettsida til regjeringa.

Les meir om konsesjon lengre opp på sida. 

Kva skjer om buplikta ikkje blir oppfylt?

Kommunen har ansvar for å kontrollere og følgje opp brot på buplikta. Brot kan føre til at eigedommen blir tvangsseld.

Trykk her for å lese meir om buplikt på nettsida til Landbruksdirektoratet.


Sist oppdatert: 14.06.2023
Publisert: 02.07.2018