Eigedomsskatt

For å sjå oversikt over faktura, logg inn på Min side.

Eigedomsskatt - ny taksering  hausten 2019

I samband med ny alminneleg taksering av eigedomar kvart 10. år skal vi no gjennomføre utvendig synfaring på alle eigedomar. Vi skal måle opp, fotografere fasadar og gjøre ei vurdering av alder og standard. 

Det er ikkje naudsynt at du som er eigar er til stades under synfaringa. 

Det er kun utvendig vi skal måle opp. Korleis huset ser ut inni er ikkje av betydning for taksten.
Du som er huseigar vil få mogelegheit til å klage om du meinar at det er noko feil i grunnlaget.

Steg 1:

Alle bygningar blir fotografert og målt opp utvendig, og informasjonen blir oppdatert i våre system.
Oppmålarane vil ringe på og sjå om det er nokon heime slik at det kjenst trygt når de ser at nokon går rundt på eigedomen. Oppmålarane har id-kort og refleksvest frå Vaksdal kommune.

Steg 2:

Foreløpig takst blir sendt ut til deg som er huseigar for kontroll. Du får mogelegheit til å klage om  noko ikkje er korrekt.
Utrekningsmodellen vi bruker er forandra sidan sist, og det kan føre til endringer i taksten. For nokon vil taksten auke, og for andre vil den gå ned.

Ofte stilte spørsmål

Kvifor skjer dette no?

For at eigedomsskatt og andre gebyr skal bli rekna ut på ein rettferdig måte, treng vi oversikt over alle eigedomane i kommunen.

Loven krev at vi oppdaterer faktagrunnlag kvart 10.år, og det er og eit krav at vi har bilete av eigedomen. Sist vi gjorde dette var i 2009, så no er vi i gong igjen. Vi må sjekke at dei opplysingane vi har, stemmer med realiteten. Det betyr at vi må ut og måle!

Når kjem vi til eigedomen din?

Arbeidet skal gjerast no i haust, men vi veit ikkje akkurat når vi kjem til din eigedom. Vi skal ikkje inn i bustaden og du treng ikkje vere heime når vi kjem. Det held at vi sjekkar eigedomen utvendig. 

Har du ei «hemmeleg» bod i hagen?

Sjølv om enkelte mindre bygg er unnateke søknadsplikt, må du likevel melde frå til kommunen dersom du har bygt noko nytt på eigedomen. Dette er det mange som ikkje er klar over, og vi reknar med at det er nokre småbygg som ikkje er  byggjemeld til kommunen. Alle desse småbygga vil vi no få inn i systema våre, slik at eigedomsregisteret stemmer med realiteten.

 Kva skjer vidare?

I etterkant av synfaringa sender vi ut eit faktagrunnlag om eigedomen din, slik at du kan sjekke kva vi har funnet ut. Sjølv om faktaarket viser bygg du ikkje har søkt om, betyr det ikkje at bygget er godkjent. Du må sjølv sørgje for at bygget blir ferdigmeldt.

Korleis blir taksten rekna ut?

Taksten blir rekna ut på grunnlag av faktaopplysningar om eigedomen og ei vurdering av standard. Det er bruksareal (BRA) på bygg som vert lagt til grunn for utrekninga. Desse opplysningane vert henta frå offentlege register (Matrikkel) og ved oppmåling av eigedomen. Oppmåling og vurdering skjer utvendig.

Kontakt oss

For spørsmål om eigedomsskatt, ta kontakt med:

Innbyggjarservice: 

Tone Dale 

Magne Hestad

For spørsmål rundt faktura for eigedomsskatt, kontakt

Tove Bruvik Erdal


Sist oppdatert: 11.11.2019
Publisert: 15.10.2018