HeimKoronaAktuelt korona frå 15. aprilOpen helsestasjon for ungdom frå 30. april

Open helsestasjon for ungdom frå 30. april

Du finn oss på helsestasjonen sine lokaler på Dale, inngang frå sidedør til venstre for hovudinngangen.

Opningstid er kvar torsdag klokka 13.30-16.00  

Helsesjukepleiarane vil hjelpe deg med store og små problemstillingar.  Ho er her for å høyre på det som opptar DEG og  hugs at ingen spørsmål er dumme! 😊

Du kan og ringje oss på 408 01 786/488 80 383 eller kontakte oss på snapchat: skulehelsesysto. 

Smittevern

Me ber alle om å halde god avstand på venterommet og å vaske hender/nytte hand-desinfeksjon når de kjem.
De kan komme max to og to saman, men samtalane vert individuelle.

Til foreldre/ føresette

De er velkomne til å ta kontakt med helsestasjonen på telefon  408 01 786/ 488 80 383 dersom de har spørsmål, treng rettleiing eller ynskjer oppfølging av helsesjukepleiar til dykkar barn.


Sist oppdatert: 22.04.2020
Publisert: 22.04.2020