HjemBarnehagePrisar og betaling - barnehage

Prisar og betaling - barnehage

Frå 1. januar 2023 er makspris 3.000 kroner pr månad.
Har du fleire barn i barnehagen eller låg inntekt kan du få ein lågare pris.

Matpengar kjem i tillegg. Barna får drikke og det kostar 330 kroner i månaden for full plass. 

Syskenmoderasjon

Har du fleire enn eit barn i barnehage i same kommune, har du rett på ein reduksjon i foreldrebetalinga. 

  • For første barn betalar du vanleg pris
  • For barn nummer to får du 30 % syskenmoderasjon
  • For barn nummer tre og fleire får du 60 % syskenmoderasjon
Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Ordninga er for foreldre og føresette med barn i kommunale og private barnehagar.

Har du rett på redusert foreldrebetaling?

Du har rett på redusert pris om:

  • maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga
  • den samla inntekta til hushaldninga er lågare enn enn 550.000 kroner.

Har du rett på gratis kjernetid?

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.

Hushald med inntekt lågare enn kr 598.825,- per år som har 2, 3, 4 og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid.

Slik søkjer du om redusert pris - frist 1. juni

Viss du vil endre, seie opp plass eller søkje redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid må du logge deg på Vigilo (bruk PC, ikkje mobil) og trykkje «Ny søknad»

Trykk her for å logge deg inn på Vigilo.

Då kjem det opp fleire val: 

  • Barnehageplass
  • Redusert betaling 
  • Endre oppholdstid barnehage
  • Oppsigelse barnehage

Trykk her for å lese rettleiing til søknad om redusert foreldrebetaling (PDF).

Vedlegg som må sendast med søknaden:

Det er viktig at dokumentasjon blir sendt saman med søknadsskjemaet ditt. Søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon vil ikkje bli behandla.

Dokumentasjonskrav er siste års sjølvmelding.

Inntektsgrunnlaget skal spegle dei faktiske skattepliktige inntektene. Dersom søkjar har skattepliktig person - og kapitalinntekt som ikkje står på sjølvmeldinga, er du pliktig til å opplyse om dette.

Dersom søkjar ikkje kan leggje fram sjølvmelding må annan dokumentasjon leverast. Dette kan for eksempel vere lønnsslipp frå arbeidsgjevar, eller inntekt frå NAV.

Trykk her for å lese meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider.


Sist oppdatert: 22.06.2023
Publisert: 23.05.2018