Du er her: Framsida ›› Innbyggarforslag om bygging av ny skule på Dale, og byggeprogram og kostnadsramme for skulen er to av fleire sakar som skal handsamast på kommunestyremøtet måndag 16.10.17. Møtet er ope for alle interesserte.

Innbyggarforslag om bygging av ny skule på Dale, og byggeprogram og kostnadsramme for skulen er to av fleire sakar som skal handsamast på kommunestyremøtet måndag 16.10.17. Møtet er ope for alle interesserte.

Møtet startar med orienteringar klokka 11.00.

Sak: Innbyggarforslag om bygging av ny skule på Dale
Før formannskapet sitt møte måndag 2.oktober fekk ordførar overlevert underskrifter frå 330 personar til støtte for at ny skule på Dale skal byggast på Sandliane, og forslag om at saka vert tatt opp til ny behandling.

Innbyggjarforslag gjer innbyggjarane i ein kommune eller eit fylke mogelegheit til å setje ei sak på den politiske dagsorden i kommunen eller fylket.

Lokalt engasjement og innbyggarforslag er grunnleggande positivt og viktig i eit demokratisk system. Med det som utgangspunkt foreslår rådmannen at forslaget blir behandla sjølv om det ikkje har kome fram noko nytt i saka sidan kommunestyret behandla tomtevalet for ny skule i april.

Rådmann legg fram to alternative framlegg til vedtak:
1. Vedtak i kommunestyret 03.04.17 om val av tomt til ny skule på Dale vert oppretthalde.
2. Val av tomt til ny skule vert tatt opp til ny behandling. Rådmann førebur ny sak.

Du kan lese heile saka her.

Sak: Byggeprogram og kostnadsramme for ny barne- og ungdomskule på Dale

Saka har vore til behandling i formannskapet og dei har gitt si innstilling til kommunestyret. Du kan lese saka her.  

Fleire sakar:
Her finn du sakspapir til alle sakene til kommunestyremøtet måndag 16.oktober 2017.

Orienteringar – startar kl 11.00:

  • K5 - veg og bane Arna-Stanghelle ved BaneNor og Statens vegvesen
  • Ny skule på Dale v/ Rambøl og administrasjonen
  • Vaksdal Næringsselskap
  • Forvaltningsrapport v/Deloitte
Skriv ut Skriv ut