Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Helsestasjon

Tenesteomtale

Helsestasjonen følgjer barn frå fødsel til skulealder og er eit kommunalt ansvar. Helsestasjonen gjer ein viktig jobb for førebygging og oppfølging av barn i potensielt vanskelege livssituasjonar, og samarbeidet med barnehage, fastlege og barnevern er verdfullt. På helsestasjonen får du tilbod om

  • helseundersøking
  • barnevaksinasjonar
  • svangerskapskontroll
  • rådgjeving om helse, utvikling hos born, kosthald, osb.

Det blir lagt vekt på førebyggjande helsearbeid. Helsesystera kan òg komme på heimebesøk.

Målgruppe

Born og unge i aldersgruppa 0-20 år, gravide og føresette

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå blant anna

Helse- og omsorgstenestelova kapittel 3
Pasient- og brukarrettslova kapittel 7.

Pasient- og brukerrettighetsloven
Helsepersonelloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Når du har født, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for anten heimebesøk eller oppfølging på helsestasjonen. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.

Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Tjenesten oppdatert: 28.09.2017 17:07