Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Helsestasjon for ungdom

Tenesteomtale

På helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om mellom anna rus, seksualitet, kjønnssjukdommar, psykiske problem og kosthald. Du kan også bli vist vidare til spesialist. Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda.

Målgruppe

Ungdom opp til 20 år

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kontakt den nærmaste helsestasjonen din. Du treng ikkje å tinge time.

Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Tjenesten oppdatert: 30.11.2015 13:14