Du er her: Framsida ›› Helse og omsorg ››

Helse og omsorg

Bilete av Ungdomsrådet og kommunalsjef Solrun Hauglum

Ungdomsrådet ville høyre om LevVel- prosjektet

19. januar 2017

Kommunalsjef for helse og omsorg, Solrun Hauglum informerte eit engasjert Ungdomsråd om kommunen sitt helse- og omsorgsprogrosjekt "Lev Vel i Vaksdal" sist veke.

Bilete av dei tilsette i rus og psykiatri

Gode resultat og høg svarprosent i brukarundersøking for rus og psykiatri

3. januar 2017

Vaksdal kommune har for første gang gjennomført ei brukarundersøking for rus- og psykiatritenestene.

Bilete av robotvindusvask

Vaksdal kommune prøver ut kvardagsteknologi hos eldre innbygggjarar i kommunen

9. november 2016

Kommunen er med i eit forskingsprosjekt saman med Karde AS der vi skal teste ut universell utforming av kvardagsteknologi hos eldre menneske.

Ungdom med refleks

Bli sett - bruk refleks!

17. oktober 2016

Torsdag 20. oktober er den nasjonale refleksdagen og vi oppfordrar alle innbyggjarar, både vaksne, ungdomar og born, om å nytte refleks i haust- og vintermørke.

HPV vaksine logo

Tilbod om gratis HPV-vaksine til unge kvinner fødde 1991 og seinare

6. oktober 2016

Er du i målgruppa og er busett i Vaksdal kommune kan du få HPV-vaksinen hos helsesyster på Dale.
Tilbodet gjeld også deg som tidlegare har takka nei til vaksinasjon via skulehelsetenesta.

Vaksdal kommune sitt folkehelseoversyn - utarbeidd i 2015

29. august 2016

Folkehelselova § 4 slår fast at «Kommunen skal fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse, bidra til utjevning av sosiale helseforskjeller og bidra til å beskytte befolkningen mot faktorer som kan ha negativ innvirkning på helsen». Godt oversyn skal gjera folkehelsearbeidet meir treffsikkert.

Anne Karin Berge, Ann Marit Mehus Lie, Anne Hedvig Faugstad

Vil du bli støttekontakt?

24. august 2016

Meiningsfullt oppdrag gjer meiningsfull fritid. Å vere støttekontakt kan vere både meiningsfullt og gjevande. Du kan hjelpe personar med ulike utfordringa med å skapa ein betre kvardag.

Bilete av forsida på planen

Kommunedelplan helse og omsorg 2015 - 2030

4. mai 2016

Kommunedelplan helse og omsorg blei godkjent i kommunestyret 11.4.2016.
Klikk her for å lese planen.
Klikk her for å sjå vedtaket i kommunestyret.

Heilskaplege tenester

26. april 2016

Vi leverer tenester til innbyggjarar i alle aldersgrupper og i heile skalaen for tenesteyting. Frå folkehelsearbeid, førebyggjande tiltak og habilitering/rehabilitering til helsehjelp og omsorg for personar som har store vanskar med helse og daglege gjeremål. 

Bilete av Sigrunn Vik

Forvaltningskontoret - ei dør inn

26. april 2016

Vi tilbyr deg  ein stad å henvende deg for koordinerte helse- og omsorgstenester. Ta kontakt med forvaltningskontoret. Vi koordinerer og forvalter desse tenestene.

Søknad sendast Forvaltningskontoret. Sjå adresse i venstre meny.
Søknadskjema for pleie- og omsorgstenester finn du når du klikkar her.

Klikk her for prisar