Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Heimeundervisning

Tenesteomtale

Foreldre/føresette til elevar i grunnskulen kan undervise sine barn heime om dei meiner at dette er best ut frå ideologiske eller religiøse/livssynsmessige grunnar. Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra / dei føresette og kan også kalle inn barnet eller ungdommen til særskilte prøver. Dersom krava i lova til heimeundervisning ikkje er tilfredstilte, skal kommunen krevje at barnet byrjar i skule. Elevar som får heimeundervisning, har ikkje rett til spesialundervisning.

Kommunen har ikkje plikt til å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får heimeundervisning. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen.

Kriterium/vilkår

Det blir ikkje kravd at du har formell pedagogisk kompetanse. Innhaldet i undervisninga må følgje dei vilkåra som er gitt i opplæringslova med forskrifter. Det må trekkjast grenser mellom privat heimeundervisning og skoleverksemd. Om du underviser barna til andre, er det skuleverksemd som må godkjennast av departementet.

Lover

Opplæringslova §§ 2-1, 2-13 og 14-2

Friskolelova
Opplæringslova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du melder skriftleg frå til kommunen om at du skal starte med heimeundervisning.

Tjenesten oppdatert: 27.10.2016 08:51