Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Fyrverkeri - søknad om avfyring

Tenesteomtale

Har du noko å feire? Da kan du fyre av eit festleg fyrverkeri, men først må du ha løyve frå brannvesenet, grunneigaren og politiet. Fyrverkeri er eksplosiv vare som du må behandle på ein sikker og forsvarleg måte. Les og følg bruksrettleiinga nøye.

Planlegg du eit større arrangement med eit profesjonelt fyrverkeri, må du ha løyve frå grunneigaren.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har mange gode tips for ei forsvarleg handtering. Sjå lenkja nedanfor.

Nyttårsaftan er det lov å fyre opp fyrverkeri mellom kl. 18.00 og kl. 02.00, og det er ikkje nødvendig med søknad.

Merk at

  • det er forbod mot privat bruk av pinnerakettar
  • det er 18 års aldersgrense for bruk av fyrverkeri (under dette store stjerneskot)
  • det er 12 års aldersgrense for bruk av små stjerneskot

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Etter at du har fått løyve frå politiet og grunneigaren, sender du søknaden til kommunen.

Vedlegg

Dokumentasjon på løyve frå politi og grunneigar

Saksbehandling

Kommunen vil vurdere søknaden m.a. ut frå lokale omsyn og eventuelle farar for liv, helse, miljø eller materielle verdiar.

Tjenesten oppdatert: 28.09.2017 16:55