Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Frisklivssentral

Tenesteomtale

Frisklivssentralen har tilbod om hjelp til å endre og meistre levevanar. Tilboda kan innehalde helsesamtale, fysisk aktivitet, kosthaldsendring og røykeslutt.
Den fysiske aktiviteten på frisklivssentralane er variert. Målet med frisklivssentralen er at deltakarane skal bli fysisk aktive i sin kvardag og få betre helse på kort og lang sikt.
Den fysiske aktiviteten skjer fortrinnsvis utandørs. Føremålet er å gje deltakaren auka kondisjon, styrke, balanse, rørsle, overskott og ikkje minst sosialt samvær.

Målgruppe

Helsefremjande og førebyggjande tiltak for alle innbyggjarane, men med spesiell vekt på

  • personar med risikofylt alkoholbruk
  • personar med problem knytte til psykiske helse
  • eldre

Samarbeidspartnarar

Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere

  • arbeidsgjevarar
  • brukar- og innvandrarorganisasjonar
  • fastlegar
  • frivillige organisasjonar
  • Nav
  • private aktørar
  • spesialisthelsetenesta

Tjenesten oppdatert: 30.11.2015 11:50