Du er her: ›› Frå 1. januar tar kommunen over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar
Bilete av gifteringar og blome

Frå 1. januar tar kommunen over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar

Det betyr at du som skal gifte deg borgarleg, kan bli vigd av ordførar, varaordførar eller andre personar valde av kommunestyret. Ta kontakt med oss for å få vite kor og når det er mogleg å gifte seg.

Kontakt 

Avtale om borgarleg vigsel gjer du hos innbyggjarservice:

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis dersom du bur i kommunen du vil gifte deg i. Det er tilstrekkeleg at ein er busett i kommunen. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet. Dersom ingen av dykk bur i kommunen du skal gifte deg i, kan det medføre kostnadar. Det får du vite når du tar kontakt.

Kriterium/vilkår for vigsel - erklæringar og attestar

Før vigselen må brudeparet sørgje for at eigenerklæringar, forlovarerklæringar og attestar er sende til Folkeregisteret som skal stadfeste at vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt. Lekkje til oversikt over skjema.

Folkeregisteret vil deretter skrive ut ein prøvingsattest som er gyldig i fire månader. Denne må sendast til:
Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam, eller leverast i Rådhuset seinast to veker før vigselen. Alle spørsmål knytte til prøvinga må rettast til Folkeregisteret ved det regionale skattekontoret ditt. Endeleg vigselattest vil bli ettersendt av Folkeregisteret.

Spesielt for utanlandske statsborgarar

Alle utanlandske statsborgarar, med unntak av nordiske borgarar, må dokumentere lovleg opphald i Norge på vigselstidspunktet. Dette vert gjort ved innlevering/innsending av prøvingsattest, eller seinast en dag før vigsel avhaldast.

Korleis foregår seremonien

Kommunen gjev deg tilbod om eit høveleg lokale og om kva tidspunkt dei kan tilby vigslar. 

  • Paret med følgje må møte opp i god tid før avtalt tid for vigsel.
  • Brudepar og vitne må vise legitimasjon før seremonien startar. Vi godtar gyldig pass, eller norske førarkort og bankkort med bilde og personnummer. Asylsøkjarbevis godtas ikkje som legitimasjon.
  • Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vere to andre myndige personar.
  • Seremonien varar i 10-15 minutt. Ein folkevalt eller ein tilsett i kommunen står for vigselen. De blir vist inn i seremonirommet saman med gjestene. Sjølve vigselen skjer ved at vigsleren les ein fastsette tekst for borgarleg vigsel. Deretter blir de spurde om de vil ha kvarandre til ektefellar. Så erklærer vigsleren de som ektefolk.
  • Det er anledning til å sette på ringar under seremonien. Vennlegast gi beskjed om dette til vigslaren før seremonien startar. Desse tas på når vigselsmann/kvinne har erklært dykk for ektefolk.
  • Til slutt underskriv de, vitna og vigsleren vigselsprotokollen.

Kva skjer så?

Kommunen sender ei vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter vigselen. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Språk:

Det kan på førehand avtales at vigselen skal foregå på engelsk. Dersom paret verken forstår norsk eller engelsk, må paret sjølv ta med seg en kvalifisert tolk.

Skriv ut Skriv ut