Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Tenesteomtale

Brann- og feiarvesenet skal sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg minimum kvart fjerde år. Kor ofte det skal feiast, er avhengig av oppvarmingssystemet, sotmengda, osb. i bustaden. Tenesta gjeld berre heilårsbustader. Fritidsbustader er unnateke lovpålagd feiing, men kan bli utført etter avtale.

Målgruppe

Eigarar av bygningar med pipe

Kriterium/vilkår

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er ein stige tilgjengeleg.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Veiledning til forskrift om brannforebygging

Lover

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå òg forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn kapittel 7 og 2.

Forskrift om brannforebygging
Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) § 11 Brannvesenets oppgaver

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Eigarar av heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta. Du får til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa di dagen før. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på annan måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feid. Dersom du ikkje har gjort ny avtale medan feiaren er i området, må du rekne med å vente til neste runde. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg!

Saksbehandling

Feiaren skal vurdere forhold ved fyringsanlegget som har noko å seie for branntryggleiken eller tilkomsten. Er det avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feiaren gje deg ei skriftleg tilbakemelding med frist for å rette eller frist for å gje tilbakemelding om når retting blir gjort. Tilsynsmyndigheita kan gje dei nødvendige pålegg dersom dette ikkje skjer.

Høve til å klage

Er du ikkje nøgd med dei tenestene feiarvesenet gjer, så ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er gjort av brannsjefen, er klagenemnda i kommunen.

Tjenesten oppdatert: 30.11.2015 09:52