Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Familievernkontor

Tenesteomtale

Familievernkontoret gjev deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling 

  • ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år
  • når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær

Det er familievernkontor i alle fylka. Dei er anten statlege eller kyrkjelege, men det same lovverket gjeld for alle, og det er Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet som godkjenner dei.

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Finn nærmeste familievernkontor

Samarbeidspartnarar

Familievernkontoret samarbeider med helsestasjonane i sitt distrikt, særleg om fødselsførebuande kurs og kurset for nybakte foreldre, "Godt samliv". Der det er aktuelt og når familien sjølv gjev samtykke til det, samarbeider familievernkontoret med det kommunale barnevernet for å finne gode tiltak for heile familien. Familievernkontoret samarbeider òg med skolar, sosialkontor, frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og liknande.

Tjenesten oppdatert: 27.10.2016 08:45