Du er her: ›› Turbinen fleirbrukshall
Turbinen

Turbinen fleirbrukshall

Turbinen fleirbrukshall er Vaksdal kommune si storstove. Hallen vart opna 25. januar 2014.

Hallen består av ein idrettshall med speleflate for handballkampar. Her er også merka og utstyrt for basketball, volleyball og badminton. Hallen kan delast i tre med skiljeveggar ved behov. Hallen har scene og eit enkelt lydanlegg. Det er fire ordinære garderobar og to mindre dommar-/instruktørgarderobar. I samband med inngangspartiet er det eit enkelt kjøkken og kafeområde.

I andre etasje er det eit godt utstyrt styrkerom som er ope for alle over 16 år. For å få tilgang må ein kjøpe seg ei nøkkelbrikke og betale litt for reinhald (100kr pr månad ein brukar rommet). I same etasje er det også eit rom med spinningsyklar. Dette kan også leigast av grupper. Det er ein garderobe med dusj i denne etasjen.

I tredje etasje er det eit sosialrom med prosjektør, lerret, og lydanlegg med teleslyngje. Dette rommet eignar seg godt for mindre kurs (opp til ca 25 personar), men kan også leigast til konfirmasjonar, runde dagar eller andre mindre selskap. Det er også to mindre møterom som kan leigast/lånast av lag og organisasjonar.
Er du interessert i å delta på treningar, bruka styrkerom, leiga andre rom eller ynskjer annan informasjon, ta kontakt:
Driftsleiar: Ole Johnny Domben
Kontortid: PS: Kan vera lurt å ringe på førehand og avtale tid.

  • Onsdag kl 09:00 - 15:00
  • Torsdag kl 09:00 - 11:00

Mobil: 906 36 556
Epost: turbinen@vaksdal.kommune.no

Postadresse: Konsul Jebsensgt. 16. 5722 Dalekvam
Besøksadresse: Sandlivegen 14. 5722 Dalekvam
Skriv ut Skriv ut