Du er her: ›› Ergo- og fysioterapi - kontaktinformasjon

Ergo- og fysioterapi - kontaktinformasjon

Ergoterapeut - Marit Fardal: Telefon: 56 59 35 12, mobil: 488 80 332,
epost: Marit.Fardal@vaksdal.kommune.no
Besøksadresse:  Turbinen Fleirbrukshall,
Sandlivegen 14 , Dale                                                       
Postadresse: Fysioterapitenesta Vaksdal kommune,
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam. 

Ergo-og fysioterapitenesta arbeider med mennesker som i forbindelse med skade, funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre omveltingar i livet kan ha vanskar med daglege aktivitetar.
Du finn oss i Turbinen fleirbrukshall.

Ergoterapeuten arbeider helsefremjande, førebyggande, behandlande, habiliterande og rehabiliterande. Målet er at born, vaksne og eldre skal kunne meistre livet og kvardagen best mogeleg og på eigne premissar.

Kva tenester får du frå ein ergoterapeut?

  • Kartlegging, ADL- vurdering, tilrettelegging og øvingar av aktivitet/oppgåver i dagleglivet.
  • Formidling, utprøving, tilpassing og opplæring i bruk av hjelpemidlar.
  • Legga til rette dei fysiske omgjevnadane i heimen, barnehage/skule og på arbeidsplass.
  • Funksjonsvurdering i høve til bilsaker, biltilpassing
  • Kvardagsrehabilitering

Ergoterapeuten bidreg til å finna løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og kvardagen sine krav. Ein ergoterapeut legg til rette for å leva eit så aktivt liv som mogeleg.

Her kan du kan finne meir generell informasjon om ergoteraptenesta, og her kan du finne meir om fysioterapitenesta.

Skriv ut Skriv ut