Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Eigedomsskatt - krav om omtaksering av eigedom

Tenesteomtale

Å krevje omtaksering av ein eigedom vil seie at du i perioden mellom to alminnelege takseringar (som skjer kvart tiande år) ber om at eigedommen blir taksert på nytt. Skattetaksten er den verdien huset/eigedommen er sett til, og som dannar grunnlaget for utrekninga av eiendomsskatt. Skattetaksten skal setjast til den alminnelege omsetningsverdien for eigedommen.

Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt.

Målgruppe

Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagt eigedomsskatt.

Kriterium/vilkår

Omtaksering skal skje dersom

  • det har skjedd ei deling av eigedommen
  • bygningar på eigedommen har brunne
  • bygningar er blitt rivne eller liknande
  • det er ført opp nye bygningar på eigedommen med ein pårekna verdi av minst kr 10 000,-

Pris for tenesta

Når skatteytaren krev omtaksering, skal skattytaren dekkje kostnadene.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kravet om omtaksering skal vere skriftleg og leverast til eigedomsskattekontoret.

Høve til å klage

Du kan klage (krevje overtakst) på ei omtaksering. Sjå eigen tenesteomtale av overtakst.

Tjenesten oppdatert: 30.11.2015 09:13