Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Eigarseksjonering/reseksjonering

Tenesteomtale

Eigarseksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eigedom på.  Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane. Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader.

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Kriterium/vilkår

  • Det må knytast einerett til bruk av brukseininga
  • Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengjande del av ein bygning på eigedommen
  • Inndelinga må gje ei føremålstenleg avgrensing av kvar brukseining

For å få etablert ein seksjon eller endre ein seksjon, må brukseininga (-ane) vere godkjende etter reglane i plan- og bygningslova.  For eksisterande bygningar inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførte før seksjonering eller reseksjonering kan skje.

Lover

Sjå blant anna matrikkellova § 6 Krav om oppmålingsforretning før matrikkelføring

Matrikkellova
Forvaltningsloven
Eierseksjonsloven
Forskrift om blankett ved seksjonering av eiendom

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Dersom du er heimelshavar til eigedommen, kan du sende ei melding til kommunen om at du ønskjer løyve til seksjonering. Opplys om

  • gards- og bruksnummer til eigedommen 
  • føremålet med kvar seksjon
  • sameigebrøk for kvar seksjon
  • vedtekter for sameiget

Bruk skjema for seksjoneringsbegjæring.
 

Vedlegg

  • Planteikningar
  • Situasjonsplan - kart over eigedommen som skal seksjonerast
  • Eigenmelding om at vilkåra i lova er oppfylte
  • Namneliste over dei som bur der

 

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2017 14:45