Du er her: ›› Førehandsrøysting - Innbyggjarservice har utvida opningstid tom 8. september!
Bilete av ordførar Eirik Haga,Marianne Hagen og Elin Herfindal

Førehandsrøysting - Innbyggjarservice har utvida opningstid tom 8. september!

Ordførar Eirik Haga ga stemma si til Stortingsvalet til Marianne Hagen og Elin Herfindal hjå innbyggjarservice på kommunehuset på Dale i dag. Han oppmodar alle til å bruke stemmeretten sin.

Dersom du ikkje kan røysta på valdagen, kan du førehandsrøysta til og med fredag 8. september.

Opningstider:

Innbyggjarservice:
Måndag - torsdag kl 0800 - 1500
Fredag kl 0800 - 1400
Tysdag 05.09. til torsdag 07.09. kl 0800 - 1900
Fredag 08.09 kl 0800 - 1700

Stamnes skule:
Tysdag 29. august kl 1300 - 1630

Stanghelle skule:
Onsdag 30. august kl 1300 - 1630

Eksingedalen skule:
Torsdag 31. august kl 1300 - 1630

Dagsenteret i Sveabrekko, Stamnes:
Torsdag 7. september kl 1100 - 1200

Røysting på institusjonane
Daletunet omsorgssenter tysdag 5. september kl 1000-1200
Vaksdal sjukeheim onsdag 6. september kl 1000-1200

Ambulerande røysting
Veljarar som er sjuke eller uføre og ikkje kan røyste på valdagen eller der det blir halde førehandsrøysting, kan etter søknad til valstyret, førehandsrøyste der dei oppheld seg (ambulerande røysting).  
Søknadsfristen for å søkje om ambulerande røysting er tysdag 05.09. kl 1200.

Skriv ut Skriv ut