Du er her: ›› Brøyting og strøing av kommunale vegar
Bilete av brøytemannskap

Brøyting og strøing av kommunale vegar

Vaksdal kommune har ansvar for brøyting og strøing av kommunale vegar.

Vi startar brøyting av kommunale vegar, inkludert gang- og sykkelvegar, ved 7 cm "sørpe" eller 10 cm tørr snø. Alle område skal haldast ryddige i tidsrom som er vanleg for alminneleg ferdsle, dvs. fra kl 07.00 – 23.00.
Normalt vil alle kommunale vegar vere brøytte innan seks timar.
Snørydding/brøyting mellom kl. 23.00 og kl. 05.00 skal avgrensast til minimum av omsyn til vanleg nattero.

Kontakt om forhold rundt brøyting og strøing:
Dersom gata di er kommunal, og ikke er brøytt eller strødd innan seks timar, kan du:

Ved store nedbørsmengder på kort tid, ber vi om forståing for eventuelle forseinkingar dette kan medføre mht snørydding/strøing. 

 For riks- og fylkesvegar skal henvendingane til Vegtrafikksentralen på telefon 175.

Oppfordringar til bustadeigarar og bilistar:

  • Ver føre var og tilpass fart og atferd til ver og føre. Vedlikehaldet vil aldri kunne sikre mot vanskelege vinterforhold og uheldige hendingar.
  • Sørg for at eigne gjerde og portar er av god kvalitet og godt merka.
  • Fjern brøytekantar i din egen veg eller innkjørsle.
  • Bilar og andre kjøretøy må parkerast slik at brøyting eller strøing ikkje vert hindra. Kjøretøy som hindrar brøyting kan bli taua bort for eigar si rekning.
  • Utstikkande greiner frå tre og hekkar må fjernast slik at brøyting eller strøing ikkje vert hindra.
  • Legg ikkje snø inn på offentleg veg, eller på slik måte at det hindrar sikt.
  • Sørg for at det ikkje oppstår fare for takras eller fallande istappar frå bygningane dine
Skriv ut Skriv ut