Du er her: Framsida ›› Bli med på fotokonkurranse!
Bilete av born på sykkel, Tour des fjords

Bli med på fotokonkurranse!

Tour des Fjords kjem til Vaksdal 25. mai. I den samanhengen inviterer vi til fotokonkurranse. Ta eit morosamt eller stilig bilete av folk i aktivitet og bli med!

Slik deltek du:

  • Last opp biletet på Instagram eller på Facebook
  • Merk biletet med #tourdesfjordsivaksdal

Kriterium for å få biletet med i konkurransen:

  • Biletet må innehalde menneske i aktivitet - gjerne på sykkel.
  • Du må følgje Vaksdal kommune på Facebook

Bileta må vere lagde ut innan 26. mai

Vinnarbiletet vil bli premiert med ein Polar pulsklokke M400HR.
Bilete av pulsklokke
I tillegg vil fem bilete bli premierte med ein Bergans hoftesekk eller ein refleksvest.

Bilete av gul refleksvestBilete av Bergans hoftesekkBilete av rosa refleksvest

Bileta vil bli publiserte på kommunen sin sider på nett, facebook og instagram. I tillegg vil vi lage ei fotoutstilling på kommunehuset på Dale.

Ungdomsrådet i Vaksdal kommune er jury, og resultatet av konkurransen blir klart 1. juni.

Bilete av ungdomsrådet i Vaksdal kommune

Viktig informasjon

  • Du kan berre delta med bilete du sjølv har teke. Det er ansvaret ditt å sørgje for å ha rett til å bruke bileta og sørgje for at eventuelle personar på bileta har godkjent at dei blir offentleggjorde.
  • Dersom du har hukt av for "Innleggene er private" i innstillingar på Instagram vil ikkje bileta vere synlege og kunne delta i konkurransen

Kommunen vår har mykje vakker natur, og den innbyr til aktivitet. Bli med og send inn bilete av folk i aktivitet - i alle aldrar.

Skriv ut Skriv ut