Du er her: Framsida ›› Bli med og lag ein festdag når Tour des Fjords kjem til Vaksdal 25. mai!
Bilete frå Tour des Fjords

Bli med og lag ein festdag når Tour des Fjords kjem til Vaksdal 25. mai!

Kva skal skje i bygdene våre?

Eksingedalen/ Modalstunnelen:
Toradar/trekkspelmusikk mot enden av Modalstunnellen
Idrettslaget arrangerer sykkeltur ned Eksingedalen til Modalstunnellen
Voss sykleklubb har blitt invitert på tur Evanger-Modalstunnellen
Samling av folk ved munning av tunnell med:

  • Bålpanner, bålkaffi, vafler
  • Lokal mat
  • Konkurranse, kva startnummer kjem først (videoregistrert passering)
  • Og meire til...

Me vil vere ein god samling folk som heiar syklistane fram i det dei kjem ut av ein kald tunell.

Eidsland:

  • Grilling, kaffi og kaker
  • Kajakkpadling
  • Søndagsopen butikk

Stamnes:

  • Telt med salsboder
  • Speling og underhaldning
  • Veteranklubben har utstilling
  • Skutefolkjet skal sigla på fjorden
  • Sykkelløp for ungar
  • Og meire til...

Dale:

  • Barneritt i sentrum med start under Bergsdalen Opp sitt målsegl
  • Voss Sykleklubb og Arna Sykleklubb kjem til Dale for trening og førebuing til Bergsdalen Opp 17. juni og vert med og skapa ramme rundt barnerittet og deltek eventuelt i starten
  • Dag Otto Lauritzen startar barnerittet etter intervju med speaker Odd Rolland og nokre deltakarar
  • Speaker organiserer til start når Dag Otto kjem ca 30 min før hovudfeltet kjem
  • Torsdagsklubben speler
  • 7. klasse skal ha kafé, aktivitetar- fotballradar, ansiktsmaling m.m v/ Petersens handleri

Vaksdal:

  • Sykkelaktivitetar for born på skuleplassen før rittet kjem til Vaksdal, grilling

Ta kontakt om du har aktivitetar du vil ha med her. Epost: info@vaksdal.kommune.no

Meir info om rittet finn du hos Tour des Fjords.

Skriv ut Skriv ut