Du er her: Framsida ›› Bergsdalen har mange moglegheiter
IMG_1842

Nye møter i oktober 2017

Bergsdalen har mange moglegheiter

Studiet er meint som kunnskapsgrunnlag og innspel til arbeidet med kommuneplanen

I samband med kommuneplanarbeidet er rådgjevingsfirmaet MIMIR engasjert til å gjennomføre ein mogelegstudie for å sette lys på potensialet for utvikling i Bergsdalen. Studiet skal vere eit kunnskapsgrunnlag og innspel til arbeidet med kommuneplanen.

Tysdag 5. september 2017 møtte Vaksdal kommune innbyggjarar i Bergsdalen til oppstartsmøte i eit moglegheitsstudie for bygda. Om lag 30 personar deltok på dette informasjonsmøtet, som er første ledd i eit framtidsretta moglegheitsstudie for Bergsdalen. Presentasjonen brukt på møtet finn du her.

Moglegheitsstudiet tek utgangspunkt i kommuneplanarbeidet, der mellom anna skiløype frå Lid til Hamlagrøosen, nye hytteområde og eit mindre alpinanlegg tidlegare er føreslått.  Vaksdal kommune ynskjer no innspel frå grunneigarar, busette og hyttefolk i Bergsdalen om den framtidige utviklinga av Bergsdalen.

Målet er å få til eit samarbeidsprosjekt, og me er opptekne av å involvera innbyggjarane og hyttefolk i dalen. Bergsdalen er ein flott friluftsstad med mange mogelegheiter, og mange aktørar som kan dra i same retning.

Det skal no sendast ut ei spørjeundersøking til hytteeigarar i Bergsdalen, og nye møte med Bergsdølar skjer i oktober.

Skriv ut Skriv ut